| Tilvenning august 2011 |
|
| No er det ein månad sidan me starta opp og me ser at alle borna no har funne seg godt til rette. Små og store leikar ilag, det er stas å endeleg vera størst i barnehagen og kunne hjelpe til å passe på dei aller minste. Storesøsken som har fått søster eller bror inn, må visa fram sitt søsken og dei små viser stor gjensynsglede når storebror eller storesøster kjem. Nye vennskapsband blir knytta og me er allereie blitt svært glad i borna her. Me gler oss til eit nytt barnehageår. |
|
| |
|
| Karneval 11. februar |
|
Me har karneval i barnehagen 11. februar.
Små og store kler seg ut og lagar ein stor fest. |
|
| |
|
| Planleggingsdag |
|
Fredag 3.sept fekk me besøk av Asbjørn Seveland frå ”natur og undervisning”. Me hadde ein kjekk dag med leik og læring i skogen. Me lærte nye barneleikar, me laga mat ute, me knytta opp ”taubanar” ol. I skogen og fekk øve oss på korleis me kan nytta skogen meir aktivt. Ein flott dag med sol og positive vaksne. |
|
| |
|
| Besøk av påskeharen |
|
| Fredag før påske laga me til ein litt annleis dag. Me starte med fellessamling for heile barnehagen ute. Me snakkar litt om påskemarkeringa og syng påskesangar og vårsangar. Så dukka det opp to påskeharar. Dei hadde med eit kart til kvar gruppe, no skulle kvar gruppe gå på skattejakt. Hadde påskeharen gjøymt noko egg? Spenninga var stor og stemninga høg. Etter skattejakt var det tid for lunch. Ekstra god lunch i dag. Kokte egg og pålegg på fat, varme runstykker og godt brød, me koste oss. |
|
| |
|
| Gardsbesøk |
|
| Me i Ås barnehage er svært heldige som har fleire gardar me kan gå på besøk til. No på vårparten er det jo spesielt kjekt å gå til dei som har lam. Alle gruppene i barnehagen har fått muligheten til å sjå på, kjenna på og også lukta på nykomlingane. Spennande både for store og små. |
|
| |
|
| |
|
| Fiskesprell |
|
| Me har starta eit prosjekt med borna som me kallar fiskesprell. Me har som mål å vera litt bevisste kva mat me serverer borna, både pålegg og middag. Me ynskjer å nytta meir fiskeprodukt. Samstundes som me ynskjer å gi borna meir kunnskap om fisk og elles dyr i havet. Me gledar oss til foreldrefest 11.juni kor me skal visa litt kva me har lært. |
|
| |
|
| Hausten og vinteren 2009/2010 |
|