Søk om plass!

Grashoppene

Grashoppene er ein herleg og livleg gjeng med 15 barn, der me har ti gutar og fem jenter. Alle barna fyller tre år samme året. Me vaksne på gruppa er Kine, Mia og Audhild.

 

Grashoppene likar seg godt ute, og favoritten ute i barnehagen er å leike med vatn. Dei serverer oss kaffi og middag, lagar sølekaker. Dei likar å lage hus og dammar i sandkassen der det blir eit felles prosjekt å fylle på vatn og samarbeide. Ekstra kjekt er det leike med vannrenna i barnehagen. Der blir det heldigvis aldri tomt for vatn. Grashoppene likar motorisk leik. Dei spring og jagar og fangar kvarandre med stor fryd. Sykling og klatring er òg veldig populært. Enda kjekkare er det når dei meistrar nye ting, som endeleg klare å klatre opp i klatrestativet heilt sjølv eller meistre å sykle på ein større sykkel.

 

To dagar i veka har me turdag. Den eine dagen disponerer me bussen vår, då fer me rundt på tur til mange kjekke plassar, nokre nærme og nokre litt lenger vekke. Det er veldig stas å gå på busstur, ungane klarar nesten ikkje å vente til det er deira tur til å sitje i bussen. Når me ikkje har bussen likar me oss godt å skogen på Ås. Her øver me oss på å gå i terreng, og gå sjølve. Ofte endar me opp på leirplassen vår. Her likar me oss godt. Barna kan leike med kjekke tauleiker, bruke fantasien og får gode motoriske utfordringar.

 

Når me leikar inne er dei veldig glade i å leike med plastelina, perle, klippe og lime, byggje togbane og leike med bilar. Familieleiken får og større og større plass. Me prøver å leggje tilrette for fin leik ved å dele oss i smågrupper. Då er me vaksne tettare på og kan rettleie og delta i leiken.

 

Helsing Kine, Mia og Audhild

Kva er goy

 

 

 

Det har jeg aldri prøvd,

så det kan jeg sikkert klare!

                                    -Pippi

 

 

Kine Dommersnes

Pedagogisk leiar

Audhild Sørensen

Pedagogisk medarbeidar

Mia Grov

Pedagogisk medarbeidar