Søk om plass!

Kjekt hos oss!

På Marihøner går det i dag 9 barn, 7 jenter og 2 gutar. 5 av barna er godt kjente nede og gjekk på gruppe i lag i 2018. medan 4 barn hadde oppstart no i haust.  I Ås  barnehage har me byrja å følgje ein modell som heiter "Lørnskogmodellen". Den går ut på at foreldra er meir saman med borna i barnehagen, før borna er aleine. Dette har me fått tilbakemelding frå foreldra at var svært positivt, og me vaksne i barnehagen ser og nytta av dette. Ikkje berre fekk borna utforske barnehagen saman med foreldra, men me tilsette i barnehagen vart godt kjend med foreldra og kunne trygga dei før dei skulle la sine søte små vera aleine for første gong. 

 

No i starten har me eit samarbeid med Humlegruppa som ikkje har fått så mange barn endå. Då samkjøre me måltid, inne- og utedagar og tur. 

 

Det er viktig at borna vert trygge før me gjer for mykje aktivitetar i kvardagen. Me nyttar difor god tid på å kome i rutinar og verta kjend både born-born og born-vaksen. Me vaksne tenkjer det er viktig å vera på barnet sitt nivå og vera ein trygg base for dei. Me sit difor på golvet når me er i leik og er synlege for borna. Dette ser me skapar tryggleik: at dei kan gi oss eit blikk eller kome å sitje på fanget om dei treng det. 

 

Når me ser at borna er trygge og me er kome inn i rutinar vil me starte opp med meir pedagogisk aktivitetar. Samling med sang og musikk, møte ulike materialer og det å utforske nærmiljøet er noko me gleder oss til å gjere i år. 

 

Anette, Anna og Kjellaug.

 

Kva er goy

Anette Hansen Bjerkeset

Pedagogisk leiar

Anna Jespersen

Pedagogisk medarbeidar

Kjellaug Larsen

Pedagogisk medarbeidar