Søk om plass!

Sommarfugl

På Sommarfuglgruppa er me i år 20 barn, og alle er førskulebarn. Det er ein god gjeng, med mykje liv, latter og glede. Dei vaksne på gruppa er Jill, Marte og Siv.

 

Me har to turdagar i veka, der me bruker eine dagen til busstur for halve gruppa. Då drar me på tur rundt omkring på heile øya, både korte og lengre turar. Me har bla. vore på Lundarstøl, Hystadmarkjo og i Tarzanløypa ved Nordbygda ungdomsskule. Me likar å lage mat ute, då kan me laga supper, fiskepakker med mykje godt inni, wok, risotto og mykje meir. Barnehagen har eigen leirplass i skogen like ved, der trives me godt. Der har me mange kjekke naturleiker som klatretau, reile, hengekøye, gapahuk, balansestokk og mykje meir som gir barna gode motoriske utfordringer. Ellers går me turar til sjøen, Ådlandsvatnet, Leirvik mm. Me besøkar og Sunnhordland museum, der me kan kikke inne i husa og læra om korleis livet var i gamle dagar, i tillegg til at me brukar parken og skogen rundt.

 

Når me no er så mange barn på gruppa, deler me oss på innedagar og har leikegrupper. Me har to hovedrom, det er hemsen og samlingsrommet. Det blir mykje fin rolleleik, leik med bilar, tog og lego. Me er og veldig glad i å perle, teikne og klippe. Når dei vaksne lagar til ulike eksperiment, då følgjer me ekstra godt med. Det er så spanande!

 

 

 

 

 

Kva er goy

Noko av det kjekkaste me Sommarfuglar gjer er

 

- Rolleleik, både inne og ute

- Bussturar til "fjernt og nært"

- Tur til leirplassen

- Eksperimentera

Siv Miljeteig

Pedagogisk leiar

Marte Michelsen

Pedagogisk leiar

Jillian Moores

Pedagogisk medarbeidar