Søk om plass!

Tusenbein

På tusenbein har me 9 barn, 3 jenter og 6 gutar. Me nyttar rommet vårt som vil væra i endring etter ka leik barna intresserer seg for. Gruppa vår liker godt å sitja i kuben, gjerne syngje eller lese bok. To hyller blir nytta til å leika buss, kvart barn får sitje i si "hylle", tar på seg selen, syngjer, les om Peppa gris på busstur, stoppar for å handle m.m.

I gangen har me laga til leik for bilar med røyr og bilveg, det er også moglegheit for balanseleik og køyre moped. Barna er alle 2 år og dei er aktive inne og ute.Toddlaren i barna viser seg godt ved å springe saman, le og vise glede. Barna likar godt å nytte sanseflasker i leik, sjå kva som er inni, ha dei i veskene sine og gjerne gi oss vaksne "kaffi" frå flaskene. Tusenbeinbarna er gode på å fantasere og tar gjerne på seg hale og genser for å være i rolle som Mikkel Rev, Bestemorskogmus eller Klatremus frå Hakkebakkeskogen.

 

Nokre barn kviler enda og nokre har så vidt begynt å gå på do. Me har bad i nærheiten så det er fint. Dei byrjar å bli sjølvstendige, vil gjerne klare sjølv og får lov å prøve å mestre.

 

I uteleiken er det gøy med vatn, lage mat, hoppe, springe, sykle m.m. På fredagen har me tilgang til buss og tar oss ein tur med ei lita gruppe barn. Me er heldige å ha både skog og fotballbane rett ved barnehagen, der tar me gjerne oss ein tur; ete blåbær, sjå på naturen m.m. Også har me museet i nærheiten, der tar me oss ein liten tur for å utforske skulpturane og bli kjent med området.

 

Me ser fram til eit kjekt år med glede og gode Tusenbeinbarn!

Kva er goy

 

 

 

Merethe Kannelønning

Pedagogisk leiar

Lena Egelandsdal Stokken

Pedagogisk leiar

Jessica Hauan

Fagarbeidar