| Planleggingsdag |
|
Fredag 3.sept fekk me besøk av Asbjørn Seveland frå ”natur og undervisning”. Me hadde ein kjekk dag med leik og læring i skogen. Me lærte nye barneleikar, me laga mat ute, me knytta opp ”taubanar” ol. I skogen og fekk øve oss på korleis me kan nytta skogen meir aktivt. Ein flott dag med sol og positive vaksne. |
| |
|
| Kunst og kreativitet. Me laga biletvevar med naturmaterial. |
|
| |
|
| Me lærte oss fleire kjekke barneleikar. |
|
| |
|
| Samarbeid. Ein enkel fuglekasse var lett å lage, ein kjekk aktivitet å gjera saman med borna. |
|
| |
|
| Lunchen laga me ute i det fri, seks rettar. God mat og god læring. |
|
| |
|
| Dessert måtte me og ha, arme ridderar. Søtt og godt. |
|
| |
|
| Restane vart pannekake….. |
|
| |
|