No er det ein månad sidan me starta opp og me ser at alle borna no har funne seg godt til rette. Små og store leikar ilag, det er stas å endeleg vera størst i barnehagen og kunne hjelpe til å passe på dei aller minste. Storesøsken som har fått søster eller bror inn, må visa fram sitt søsken og dei små viser stor gjensynsglede når storebror eller storesøster kjem. Nye vennskapsband blir knytta og me er allereie blitt svært glad i borna her. Me gler oss til eit nytt barnehageår. |