space space space space
topp space
logo

 

Vedtekter

stolpe space
om
foreldreinfo
årsplan
aktivitetar
vedtekter
kontakt
 
 
 

VEDTEKTER FOR ÅS BARNEHAGE

§ 1 EIGARSKAP
Barnehagen er eigd og vert driven av Sunnhordland industri as.

§ 2 LOVVERK/FORSKRIFTER
Barnehagen vert driven i samsvar med Barnehagelova, forskrifter til denne og gjeldande vedtak i Stord kommune om barnehagedrift.

Det skal til ei kvar tid vera kvalifisert personale i barnehagen i samsvar med Barnehagelova sine reglar.

§ 3 TILSYN
Stord kommune har ansvar for å føra tilsyn med barnehagen.

§ 4 FØREMÅL
Barnehagen skal gi born i alderen 0-6 år eit godt pedagogisk tilbod som samsvarer med Barnehagelova § 1.
Barnehagen skal byggja si verksemd på etiske grunnverdiar nedfelt i norsk lovverk.

Verksemda skal drivast i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande lover, forskrifter og kommunale vilkår for barnehageverksemd, barnehagen sine eigne vedtekter, fastsett budsjett og årsplan for barnehagen si pedagogiske verksemd.

§ 5 BARNEHAGEN SINE ORGAN
Ås barnehage er ei eiga eining i Sunnhordland industri as.

Samarbeidsutvalet:
Barnehagen skal ha eit samarbeidsutval som skal bestå av; Leiar ognestleiar av foreldrerådet, to representantar frådei tilsetteog dagleg leiar i Sunnhordland industri as. Representantar frå foreldreråd og tilsette skal ha kvar sin vararepresentant.  Styrar i barnehagen har møteplikt og tale- og forslagsrett, men ikkje stemmerett.
Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv. Det skal veljast ein leiar. Styrar fungerer som utvalet sin sekretær. Samarbeidsutvalet skal ha minst to møte i løpet av eit barnehageår.

Utvalet har som oppgåve å kontinuerleg evaluera barnehagen si generelle drift. Utvalet vil og fungera som drøftingsinstans for driftsplanar, moglege interessemotsetnader og det skal fastsetja barnehagen sin årsplan.

Foreldreråd:
Foreldrerådet består av foreldre/føresette til alle borna i barnehagen. Leiar av foreldrerådet skal veljast kvart år av og blant foreldra på første foreldremøte etter gjennomført opptak.

Foreldrerådet si oppgåve er å jobba for eit godt samarbeid mellom barnehagen og borna sin heim.

§ 6 OPPTAKSKRETS OG OPPTAKSKRITERIUM TIL BARNEHAGEN
Ås barnehage tek imot born som er busette i Stord Kommune.

Opptakskriterium.
1. Born med nedsett funksjonsevne; det skal føreliggja ei sakkunnig vurdering jfr. Barnehagelova § 13.

2. Born der det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenesta §§    4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd og Barnehagelova § 13.

3. Born som har sysken i barnehagen.

Opptaksmynde.
Det er samordna opptak i kommunen. Styrar i barnehagen har opptaksmynde og samarbeider med Kundetorget om opptaket.

Opptak av born vert gjort heile året til plass i private og kommunale barnehagar og følgjer dei kriteria som gjeld for den einskilde barnehagen.

§ 7 FORELDREBETALING
Det er innført maksimalpris for heiltidstilbod i barnehage, og dei satsane gjeld i Ås barnehage. Juli månad er betalingsfri. Prisane på delte plassar vert prosentvis lågare etter storleik på plassen. Syskenmoderasjon er    30 % for barn nummer to, og 50 % for barn nummer tre.
Vedtak om timar til spesialpedagogisk hjelp etter Opplæringslova § 5-7 skal det ikkje betalast for. Fråtrekk i opphaldsbetalinga vert gjort etter gjeldande satsar.

§ 8 FLEKSIBLE PLASSAR ETTER YNSKJE OG BEHOV
Det er høve til å ha desse plassane:  40, 50, 60, og 100 %. Dette inneber;

  • 40 %  = 2 dagar pr. veke
  • 50 %  = 2 + 3 dagar pr. veke
  • 60 %  = 3 dagar pr. veke
  • 100 % = 5 dagar pr. veke

Det kan kjøpast ekstra timar og dagar dersom det elles er ledig kapasitet.

§ 9 OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIINGSFRIST
Barn som får plass i barnehagen har plass til skulepliktig alder, eller til plassen vert sagt opp skriftleg.
Eit barnehageår gjeld frå 15.08. til 14.08. året etter.

Plassen kan skriftleg seiast opp av begge partar med 1 månad varsel, rekna frå den 1. i påfølgjande månad.
Det skal betalast ut oppseiingsmånaden. Dersom eit barn skal slutte etter 01.04. må det likevel betalast for plassen ut barnehageåret.

Endring av opphaldstid/permisjonar i bruksåret vert berre gjeve i særskilde høve som t.d. endra arbeidssituasjon, svangerskap, livskrise/sjukdom. Permisjonane/endringane skal fylgja bruksåret, og det vert ikkje gjeve permisjon etter 01.04. eller for einskildmånader med mindre det kan takast inn andre born i plassen.

Styrar/leiar avgjer søknaden.

§ 10 OPNINGSTIDER
Ås barnehage er open frå kl. 06.45 – 16.15.

Barnehagen er open på kvardagar. Nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag stenger barnehagen kl. 12.30. Julaftan er stengt.

Barnehagen er stengt 4 dagar pr. år til planlegging for personalet. Det vert ikkje fråtrekk i foreldrebetalinga for desse dagane.

§ 11 FERIE
Barnehagen held feriestengt 4 veker i året, hovudsakleg i juli.

§ 12 KONFIDENSIELLE OPPLYSNINGAR
Fortruleg informasjon om born i barnehagen skal haldast nedlåst på forsvarleg måte på barnehagestyrar sitt kontor, og er berre tilgjengeleg for barnehagen sitt pedagogiske personale og føresette.

§ 13 TEIEPLIKT
Alle tilsette, faste og midlertidige, underteiknar teieplikt og pliktar å etterleva dette vedrørande skriftlege og munnlege opplysningar om borna og deira familie. Det vert vist til Forvaltningslova § 13 pkt. a-f.

§ 14 HELSE
Foreldre/føresette må senda eigenerklæring om barnet sin helsetilstand når barnet byrjar i barnehagen. Ved sjukdom gjer foreldre/føresette avtale med styrar/ped.leiar om barnet skal haldast heime frå barnehagen. Sjukefråvere hos born skal meldast til barnehagen første fråversdag før   kl. 09.00.
Barnehagen har ulike samarbeidspartnarar innan kommunen, det gjeld skule, PPT, helsestasjon, barnevern, sosiale tenester, flyktningkontor m.m. Barnehagen har opplysningsplikt til sosialtenesta og til barneverntenesta jfr. Barnehagelova §§ 21 og 22.

§ 15 ANSVAR

  • Personalet har ansvar for borna den tida dei er i barnehagen. Bringing og henting av borna er foreldra/føresette sjølv ansvarlege for. Den som følgjer og hentar barnet i barnehagen må ikkje forlata barnet utan å ha vore i kontakt med personalet.
  • Beskjed til personalet, gitt gjennom barnet, skal vera skriftleg.
  • Medbrakte eignelutar har personalet ikkje ansvar for.
  • Dei tilette i barnehagen skal ikkje ta med borna som passasjer i eigen bil eller offentleg transportmiddel, ta bilete eller videoopptak utan foreldra/føresette sitt skriftlege samtykke.
  • Born er forsikra på veg til og frå barnehagen, i barnehagen og på turar i barnehagen sin regi. Ås barnehage har ulykkesforsikring på borna.

§ 16 INTERNKONTROLL
Det er utarbeida system for internkontroll i Ås barnehage.

§ 17 MISLEGHALD OG KONSEKVENSAR
Dersom foreldre/føresette som har born i barnehagen bryt desse vedtektene kan styrar i Ås barnehage bestemma at deira born kan miste barnehageplassen med 1 månad varsel. Det vert gjeve 8 dagar frist til å rette opp forholdet.

7 dagar etter forfalle faktura vert det sendt ut ei purring med gebyr med 7 dagars betalingsfrist. Ved framleis manglande betaling vert det sendt inkassovarsel med 14 dagars betalingsfrist. Dersom betalingsfrist ikkje vert overhalde, går kravet vidare til inkasso og plassen vert sagt opp.

Opningstida må respekterast. Blir barnet henta etter barnehagen si stengjetid kan det bli naudsynt å setja i verk fylgjande konsekvensar;

1. gong        tiltak:      munnleg varsel
2. gong        tiltak:      skriftleg varsel
3. gong        tiltak:      betale kr. 400,-
4. gong        tiltak:      betale kr. 400,-
5. gong        tiltak:      oppseiing

§ 18 OPPLÆRINGSARENA
Barnehagen vil bli brukt som opplæringsarena for aktuelle søkjarar i bedrifta og vil leggja til rette for opplæring i Barne- og ungdomsarbeidarfaget.

Eigar pliktar å stilla barnehagen til disposisjon for øvingsopplæring for studentar som tek førskulelærarutdanning. Barnehagen sin styrar og ped.leiarar pliktar å rettleia studentar i slik øvingsopplæring jfr. Barnehagelova § 24.

Personar som vert tilbudd praksis- eller lærlingplass i barnehagen har på førehand blitt grundig evaluert i høve til bakgrunn og eignaskap. Dei skallevera politiattest.

Vedtektene er godkjende i styret for Sunnhordland industri as 22.06.2011.

Arnulf Ingvaldsen
Styreleiar

Birte Nilsen
Dagleg leiar

Skriv ut

 

space
space space
bunn space
webdesign Valid HTML 4.01 Transitional Byrået MOFix
E-post