Søk om plass!

Grashoppene

Grashoppene i år er ein kjekk gjeng på 16 barn, 9 gutar og 7 jenter. Dei kjem frå forskjellege grupper og nokre er heilt nye, men i løpet av hausten har det blitt eit fellesskap prega av nye vennskap, omsorg, latter og glede. Me gler oss til mange fine dagar og opplevingar saman.

Grashoppene er ei gruppe med mykje fart i. Me rasar avgårde på syklar, me klatrar høgt og spring fort. Har det regna så finn du oss i dammen der me hoppar, plaskar og samlar vatn til sølekaker. Me har funne oss godt til rette på uteområdet i barnehagen, og flyttar oss fort frå den eine sida til den andre. Nokre finn roa i sandkassen medan andre er i full sving på rutsjebanen. Men aller kjekkast er det når me skal på tur, då står me klare ved porten og trippar – klare for å utforske verda. Anten det er rett ned på fotballbanen, til leirplassen i skogen eller til museumsparken.

 

Rommet vårt ber stort preg av barna, det er mykje som foregår på ein gong. Det er billek i kroken, dukkelek på andre sida, nokre arbeidarar på midten og plutseleg kjem det nokre dukkevogner fulle av dyr og anna last. Me finn roa med å teikne, pusle og perle, og får ut energi i hinderløype og bilkøyring i gangen.

 

Kva er goy

Me finn roa med å teikne, pusle og perle, og får ut energi i hinderløype og bilkøyring i gangen :)

Linda Amundsen Rogne

Pedagogisk leiar

Mari Brattabø Hope

Pedagogisk leiar

Hilde Nysæter

Barne- og ungdomsarbeidar