Søk om plass!

Sommarfugl

 

 Sommarfuglane er den eldste gruppa i barnehagen, og til hausten skal dei byrja på skulen. I år er dei ein superkjekk gjeng på 22 barn og 4 vaksne. Dei vaksne på gruppa er Kine, Malin, Anne Bente og Mia. Vi har valgt å dele gruppa opp i to mindre grupper på 11 barn som har to vaksne kvar. Vi ser store fordeler i å dela gruppa i to mindre grupper, men deler av dagen er vi i lag heile gjengen. Når vi er inne er vi alltid delt.

 

No i corona-pandemien er me mykje ute, noko som passer sommarfuglane veldig godt. Ute likar vi godt å spille fotball, leika i skogen, gå på bærtur, sykla og leika i sandkassen. Ekstra stas er det å finna gull, og i vår barnehage finner me ofte gull, mon tro om det er nokre sjørøvera på besøk her på nettene…?!

 

Vi har bussen to dagar i veka, og vi elskar å vera på busstur. Når vi er få på tur har vi moglegheit til litt lengre turar og vi får god tid til å utforske både fjell, skog og strender.

Vi har og ein eigen leirplass i barnehagen vår, og her likar vi oss godt. Den ligg berre eit steinkast fra barnehagen så her kan vi gå ofte. Her har vi både tauleiker, bålplass og masse kjekk skog og boltre oss i.

 

Når dagane blir mørkare og været kaldere kjem vi nok til å tilbringe litt av dagane våre inne. No i corona tida er det stor stas å få lov å gå inn, og da er leiken på hemsen og dei andre grupperomma utruleg kjekk. Ungane elsker å leike med magneter, lego, dinosaurar, bilar, teikne og spela spel. Kjøkken/heim kroken er og veldig populær, og der er rolleleiken veldig sentral. Her serverer dei dei lekraste rettar med både cupcakes og iskrem, og ofte har dei ein kaffikopp til dei vaksne og.  

 

Kva er goy

Sommarfuglane liker ekstra godt:

 

*gå på tur

*spela fotball

*leika med lego

*teikna, klypp og lim

Malin Eriksen

Pedagogisk leiar

Anne Bente Østraat

Fagarbeidar

Kine Dommersnes

Pedagogisk leiar

Mia Grov

Pedagogisk medarbeidar