Søk om plass!

Tissemaurane

 

 På Tissemaurgruppa i år er det 19 barn, 8 guttar og 11 jenter. Ein aktiv og kjekk gjeng. Alle barna er fire år dette året utan om to barn som vert fire år etter nyttår. I haust fekk me tre nye barn på gruppa som me gler oss til å verte godt kjend med.  

Resten av gjengen er godt kjent då me har vore saman som gruppe det siste året. Vigdis, Hilde og Anna føl gruppa frå i fjor og trivest allereie godt saman med barna. I år er me også heldige å få med oss Karoline og Helene, Helene skal vere lærling i barnehagen vår.  

 

Me deler barnegruppa i tre små grupper og desse gruppene er saman kvar formiddag gjennom veka. Dagane vekslar mellom inneleik på grupperomma våre, uteleik og turar. Me vaksne vil fylgje dei ulike gruppene ei veke kvar. På den måten vil me betre kunne verne om leiken og leggje til rette for gode leikegrupper. Det å inkludere alle i leik og i samspel ser me er viktig, barn treng barn for å utvikle seg, vekse og for å verte seg sjølv. Leiken er også ei viktig arena for språkutviklinga. Me har stort fokus på språk og språkarbeid, eit arbeid me tar med i alt me gjer gjennom veka. Tissemaurgruppa likar også godt å lese bøker, lytte til forteljingar og eventyr, synge og spele musikk. Bøkene tar me med både på tur og ute i barnehagen. Det same gjeld musikken, alle likar godt når me tar høgtalaren med ut for å danse og syngje.  

 

Tissemaurane trivest godt ute, både ute i barnehagen og utanfor gjerdet. På leikeplassen vår er det ekstra spennande med klatrestativet, her er det mykje å prøve ut og meistre. Elles er det mykje rolleleik, leik i sandkassen med bilar og konstruksjonar, sykling, springing og anna gøy.  

Tur i nærområdet er også kjekt, me likar oss godt på Ås rundt om kring i skogen, den fine leirplassen vår er alltid eit kjekt turmål. Elles likar me oss godt borte på museumsområdet til Sunnhordland museum. Her er det mykje kjekt å utforske, me får komme inn i dei gamle husa om me vil, me kan leike ute på tunet rundt husa og oppe i Vidsteenparken med alle kunstinstalasjonane som står i skogen. Oppe på Kattatveit har me også ein plass me likar godt å leike, ekstra kjekt er det når me møter sauene som beitar på andre sida av gjerdet. Turane blir ikkje nødvendigvis så lange, me er meir oppteken av å vere på tur og utforske undervegs. Leik i naturen og i skogen stimulerer og utfordrar heile barnet og me ser det er ein spennande leikearena året rundt. 

  

I barnehagen er det busstur for dei som er blitt fire år, då tar me med oss ein gjeng og køyrer ein plass for tur og leik. Kjekt å oppdage nye plassar og få litt avveksling i leikeområdet. Det er stor stas å vere med på busstur, då er me to vaksne og 6 barn som får oss ein luftetur rundt på øya vår. Dette ser me fram til i året som kjem. Me brukar også å pakke nista med oss slik at me kan vere vekke ei stund.   

 

Me gler oss til å utforske kvardagen saman med desse 19  kjekke barna, me kjem til å oppleve mykje saman og til å lære mange nye ting. Ikkje minst gler me oss til å tulle, tøyse og le saman, det skjer mykje rart og moro saman med denne gjengen.  

 

 

 

 

Kva er goy

Utforske, undre og oppdage verda rundt oss saman med gode venner på Tissemaurgruppa!

Vigdis Kippersund

Pedagogisk leiar

Hilde Aastrøm Olsen

Barne- og ungdomsarbeidar

Anna Jespersen

Pedagogisk medarbeidar

Karoline Lorentsen

Pedagogisk medarbeidar

Helene Malmo

Lærling i barne- og ungdomsarbeid