Informasjon til deg som er ny hos oss

Når ein er ny i barnehagen er det mange tankar og spørsmål ein ynskjer svar på. Ta med deg alt du undrar på, og treng informasjon om til personalet, så svarar dei så godt dei kan. 

 

Dei første dagane i tilvenninga er viktige. Me tenkjer barn og foreldre treng kring ei veke for å bli godt kjend i barnehagen.

Første dag skal ein av foreldra vera saman med barnet på besøk eit par timar. På dag to og tre er barn og foreldre saman heile barnehagedagen. Dette for å gjere barnet kjent med dei ulike rutinane i saman med ein trygg vaksen. Foreldra steller barnet på badet, sitter med barnet i måltidet, legger barnet når det skal sove og tar det opp igjen når kvilen er over. Personalet er med heile dagen rundt foreldra og barnet. Personalet er i kontakt for å bygge ein relasjon med barnet. Etter kvart som ein kjenner på tryggleik kan personalet ta over oppgåvene for foreldra, samstundes som foreldra er tilstade. På dag fire kan foreldra være saman med barnet ei lita stund, så seie tydleg "hade" og gå ut. Denne dagen ynskjer me at foreldra er tilgjengelege i nærleiken om det skulle være noko. Dag fem brukar me god tid i levering, seier tydleg «hade», for så at foreldra er vekke eit par timar. Dette er eit generelt utgangspunkt me brukar, me gjere tilpassingar individuelt til kvart enkelt barn. 

 

Alle barn er ulike og tilvenninga kan vera svært ulik. Nokre er svært lei seg i starten og brukar tid på å bli trygge, og andre kjenner på det etter nokre dagar at dette vart litt trist.  Det er faste vaksne på gruppa som tar i mot, og er saman med barnet og foreldra gjennom tilvenninga.

 

I barnehagen har me tre måltid om dagen, de treng ikkje ha niste med. Frukosten startar kl. 8:15 nede hos dei små, oppe kring kl. 7:45. Borna et når dei kjem, om de ynskjer frukost her må de vera i barnehagen før 8:45. Frukosten er slutt kl 08:45. Lunsj et me kl. 11:00 nede og 11:30 oppe. Ein dag i veka lagar kokken varm middag, elles et me brødmat med variert pålegg. Me får også servert graut, supper og ostesmørbrød. Må barnet ha spesialmat så snakkar de med personalet. Frukt, litt brød/knekkebrød et me kl 14:00. 

Me skal ikkje ha med mat som inneheld nøtter i barnehagen. Me har barn med nøtteallergi.

 

Om barnet dykkar skal kvila i barnehagen må de ha eigen vogn med. Me har vognrom inne, der den kan stå oppbevart. Alle barna søv ute i barnehagen, så barnet treng dyne/vinterposar og tepper liggande. Også nokon varme soveklede. Det står alltid ein voksen saman med barna når dei ligg ute.

 

Alle barna kvar sin garderobeplass, her står ei korg til bytekler. I bytekorga må de ha klede liggjande etter kva årstid me er i. Eit godt utgangspunkt er to sett av body, strømpebukse, genser, bukser, sokkar, (også ullsokkar) og truser. Det er godt med to sett vottar og hua, sidan det ofte blir vått når me er ute. På vinterhalvåret anbefaler me alltid ull innerst. Barna må alltid ha kler etter både årstid og vær. Regnkler er eit must, me ynskjer helst utan fleece for dei store barna då me ser dei brukar lang tid på å tørka. Støvlar og vintersko må tilpassa barna og været. Eit godt skotips er å kjøpa Dock Boots, dei tåler vestlandsværet supert, dei har god såle og held på varmen.

 

Ei viktige oppgåva er å merka alle klede! Me har kontroll på mykje, men dette kan bli vanskeleg for dagens heltar. Hjelp oss på veg! Ting med namn dukkar opp igjen.

 

Om de lurar på noko ta kontakt med oss!

Velkommen til oss, me gledar oss til å ta del i ditt barnet sitt liv, og lykke til med den nye kvardagen!