Søk om plass!

Humlene

Humlene er i år ein gjeng på 9 barn, fire gutar og fem jenter. Dei fleste av barna er født i 2020, og starrten av 2021. 

Fleire voksne og barn kjente kvarandre godt fra sist barnehageår, og har brukt mykje tid på å bli godt kjent med dei nye barna som begynte i august. Me jobbar for å få gode relasjonar mellom barna, og mellom barna og dei vaksne.

Det er viktig for oss at barna får ein god og trygg start på barnehageåret, og at foreldra kjenner seg trygge på at barna blir godt ivaretatt her hos oss.

 

Humlene er ein gjeng som likar seg mykje ute, då bruker me uteområdet vårt i barnehagen og går på tur i næmiljøet.

Etterkvart kjem me og i gang med ulike aktivitetar, korte samlingar med sang og musikk, formingsaktivitetar og eksperimentering/utforsking.

 

Me gledar oss til å ta fatt på året saman med barna.

 

 

- Marte, Nazia og  Audhild 

Kva er goy

 

 Det er kjekt...

- med såpebobler

- å plaske i dammen

- å synge og danse

- å krype, klatre, rutsje og hoppe

- å lese bøker 

 

Sara Kyvik

Pedagogisk leiar

Nazia Ibrahim

Pedagogisk medarbeidar

Audhild Sørensen

Pedagogisk medarbeidar