Visjon og mål

Vår visjon er at borna forlet barnehagen godt rusta for framtida med:

  • Respekt og omsorg for andre.
  • Lyst til å læra.
  • Tru på seg sjølv.
  • Sosial kompetanse.

 

Vårt hovudmål er:

  • Barn har medverknad på eigen kvardag.
  • Felles fokusområde for heile barnehagen.
  • Tid og rom for leik.
  • Leikekloke vaksne.

Morsomme aktivitetar

Sidan nyttår 2013 har me hatt eit samarbeid med Barnas turlag, som er ei gruppe i Stord-Fitjar turlag. Formålet deira er å stiumulera til sikkert og miljøvennleg friluftliv for alle som bur i, og som vitjar Stord og Fitjar. Me i barnehagen vår kjenner me kan identifisera oss godt med dette og ynskjer å legga meir vekt på turar i nærmiljøet. Målet vårt vil vera at me i vår kvardag i barnehagen får bli betre kjende med turløypene som turlaget har laga for barn og familiar her på Stord. Samtidig som familiane som er knytta til barnehagen vår skal få meir kjennskap til kva verdiar turlaget står for, og kanskje klarer me å stimulera til meir familieaktivitet i skogen og på fjellet på Stord.

 

Ein i personalgruppa vår bur på gard. Det gir oss mulighet til å komma tett på gardslivet på fleire måtar. Det er spennande å sjå dei nyfødde lamma på våren, sjå store traktorar, kjenna på lukter og ikkje minst aka på store bakkar når snøen er der.

 

Barnehagebilen vår blir dermed ofte nytta slik at me kan komma oss utanfor barnehagen. Alltid populært å få vera i den gruppa som skal på busstur. Det er sosialt og kjekt berre å få vera med på bilturen, og då er musikken ofte viktig. Kunne ditt barn "The Fox" då den herja på hitlistene? Mulig dei då har høyrt den nokre gongar i bussen.... Eller "Gamdam style", den var også kjekkast når me fekk synga høgt i bilen.

Middagsmeny

Meny 

 Denne menyen går over 2 månader og rullerer.

 

# Fiskekaker med kokt potet, brun saus og dampa grønnsaker.

# Lapskaus m/kjøtt eller pølse og diverse grønnsaker. Serveres med brød.

# Fiskegrateng m/fullkorn makaroni og urte saus. Serveres med råkost.

# Kylling gryte m/ulike grønnsaker. Serveres med ris.

#

# Laksefilet m/potet og dampet grønnsaker.Serveres med rømmesaus.

                                                          # Pølse/skinke grateng. Serveres med salat og kvitløk dressing.

                                    # Fiskekaker m/båtpoteter, salat og urtedressing.

                                                                  # Kyllingkjøttboller med heimalaga tomatsaus, pasta og grønnsaker.

 

                                                                              I tillegg får barna servert graut, supper og ostesmørbrød som varme måltider.

Det kan bli avvik på meny under vegs

Trygge omgivnader

Hos oss har me skjerma småbarnsgrupper. Bygget vårt er utforma slik at dei yngste borna har leikerom og grupperom adskilt frå dei andre gruppene. Her har me større mulighet til å gi bona den omsorgen og tryggleiken dei treng i starten for at dei skal bli trygge på seg sjølv og omgjevnadane. 

 

Vår barnehage er eigd av arbeid- og inkluderingsbedrifta Opero. Denne bedrifta har fleire avdelingar deriblandt mekanisk på Heiane, data-avdeling, me driv to kantiner pluss at me leiger ut folk til andre kantiner på øya. I tillegg har me jo barnehagen vår då sjølvsagt. Opero har i oppgave å hjelpa personar som har stått utanfor arbeidslivet ei stund, tilbaket i ordinært arbeid. Jobbsøkarane våre har ulike ufordringar, ofte er det helsa som har hindra dei arbeid ei tid. Me vil prøve å bygge dei opp slik at dei kan kjenne på at det å ha noko fast å gå til, det å møta vaksne og born som er glade for å sjå dei på morgonen kan auka livskvaliteten betydeleg.

 

Dette betyr for oss at me får fleire vaksne tilstades for borna i kvardagen. Me har ei ekstra hand til borna på tur, eit ekstra fang om borna blir lei seg, ein ekstra vaksen i garderoben som kan hjelpa med den vanskelige strikken. I barnehagen har me ei fast ordinær bemanning, i tillegg kjem deltakerane. Unntaka kan vera i sjudomsperiodar at lærlingar og personar me meiner er kvalifiserte til det blir brukte til vikar.