Å vera saman med oss

                   

I barnehagen hos oss har me skjerma småbarnsgrupper. Bygget er utforma slik at dei yngste barna har leike -og grupperom adskilt frå resten av barnehagen. Dette gir gode høver til å gi barna ro, omsorg og tryggleik. 

 

Ås barnehage er eigd av arbeid- og inkluderingsbedrifta Opero. Opero har fleire avdelingar, deriblandt mekanisk på Heiane, ei dataavdeling, og to kantiner. Opero har i oppgave å hjelpa personar som har stått utanfor arbeidslivet ei stund tilbaket i ordinært arbeid. Jobbsøkarane har ulike ufordringa, men hovudmålet er å dei gi meistring, og la dei kjenne på kjensla av å ha ein fast stad å gå, ein stad med gode relasjonar i møta med store og små. 

 

I barnehagen har me ei fast ordinær bemanning, der deltakerane kjem i tillegg som vaksne på gruppa. Me har seks aldershomogene grupper, det er; marihøne og humle som er nede. Oppe er det tusenbein, grashoppe, tissemaur og sommarfugl.