Informasjon til de som er ny

Velkomen til barnehagen vår!

 

Dei første dagane i tilvenninga er viktige

Me tenkjer at barn og foreldre treng ei god veke for å bli godt kjende.

Dag 1: Ein av foreldra saman med barnet på besøk i eit par timar.

 

På dag 2 og 3 er barn og foreldre saman heile barnehagedagen. Dette gjer barnet kjent med dei ulike rutinane saman med ein trygg vaksen. Foreldra steller barnet på badet, sit saman med barnet under måltida, legg barnet når det skal sove, og tek det opp att når kvilen er over. Personalet er samstundes i kontakt med barnet undervegs for å byggje relasjonar medan barnet er saman med ein trygg vaksen. Etter kvart som barnet kjenner seg tryggare, kan personalet ta over fleire av oppgåvene, samstundes som foreldra framleis er til stades.

 

På dag 4 kan foreldra vere saman med barnet ei lita stund før dei seier eit tydeleg «hade». Denne dagen ønskjer me at foreldra er tilgjengelege i nærleiken dersom det skulle vere behov for det.

 

På dag 5 brukar me god tid ved levering, seier eit tydeleg «hade», og deretter kan foreldra vere borte eit par timar.

Dette er eit generelt utgangspunkt som me brukar. Tilvenninga blir tilpassa det enkelte barnet, og me har tett dialog med foreldra gjennom heile prosessen.

Barn er ulike, og tilvenninga kan vere svært forskjellig. Nokre barn er lei seg i starten og brukar tid på å bli trygg, medan andre først etter ei stund kjenner at det er trist å vere i barnehagen. Faste vaksne tek imot dykk og følgjer barnet og familien gjennom tilvenninga.

 

Måltid i barnehagen

I barnehagen har me tre måltid om dagen, så de treng ikkje ha med niste.

Frukosten startar kl. 07.30, og barna et når dei kjem. Dersom de ønskjer at barnet skal ete i barnehagen, må de vere her før kl. 08.30. Frukosten er ferdig kl. 08.45.

Lunsj et me ca. kl. 11.00 nede og ca. kl. 11.30 oppe. Ein dag i veka lagar kokken varm middag. Dei andre dagane serverer me supper, graut og brødmat med variert pålegg.

Dersom barnet har behov for spesialkost, ber me dykk ta kontakt med personalet.

Kl. 14.00 serverer me frukt saman med brød eller knekkebrød.

 

Søvn og kvile

Om barnet skal kvile i barnehagen må de ha med eiga vogn. Me har vognrom innandørs der vogna kan stå oppbevart.

Alle barna søv ute i barnehagen. Barnet treng derfor vognpose tilpassa årstida, eit teppe og gode, varme soveklede. Ein vaksen har alltid tilsyn med barna medan dei søv ute.

 

Klede og utstyr

Alle barna har sin eigen garderobeplass med ei korg til byteklede.

I korga bør de ha klede tilpassa årstida. Eit godt utgangspunkt er:

  • 2 bodyar
  • 2 strømpebukser
  • 2 gensarar
  • 2 bukser
  • fleire par sokkar (gjerne nokon ullsokkar)
  • truser ved behov

Det er også lurt å ha to sett med vottar og luer, sidan desse ofte blir våte når me er ute.

På vinterstid ønsker me barna har ull/ merino/ bambus innerst, noko som held på varmen når barna blir våte. Barna må alltid ha klede tilpassa både årstid og vêr.

Barnet må ha regnklede. Me føretrekkjer regnklede utan fleecefôr, då dei tørkar raskare. Støvlar og vintersko må vere tilpassa barnet og vêret.

Eit godt skotips er Dock Boots. Dei toler vestlandsvêret godt, har god såle og held godt på varmen.

Hugs å merke alt!

Me prøver å halde oversikt, men med mange barn kan det vere utfordrande. Hjelp oss på vegen – ting med namn finn oftare vegen heim att.

 

Kontakt oss

Har de spørsmål, er de alltid velkomne til å ta kontakt med oss.

Telefon: 53 40 24 30

 

Velkomne til oss! Me gler oss til å ta del i barnet dykkar sitt liv og ønskjer dykk lukke til med den nye kvardagen. ????