Å vera liten hos oss

                                                     

                    

 

Me har skjerma småbarngruppe. Bygget vårt er utforma slik at dei yngste barna har leike -og grupperom, nede i første etasjen, åtskilt frå resten av barnehagen. Dette gir gode høve til å gi ro, omsorg og tryggleik. Me har fokus på ei trygg tilvenningstid der me skal bli godt kjent med kvarandre. 

 

Ås barnehage er eigd av arbeid- og inkluderingsbedrifta Opero. Opero har fleire avdelingar, -det er mekanisk på Heiane, ei kontor og IKT avdeling, og to kantiner. Opero hjelper personar som har stått utanfor arbeidslivet tilbake i ordinært arbeid. Det vil sei at me i periodar har jobbsøkarar her i barnehagen hos oss.

I barnehagen har me ei fast ordinær grunnbemanning med pedagogar, fagarbeidarar, og pedagogiske medarbeidarar. Me har eigen kokk som er utanom den ordinære grunnbemanninga. Jobbsøkarane kjem i tillegg til dei vaksne som er på gruppa.

 

Me har seks aldershomogene grupper; nede er det marihøne og humle. Oppe er det tusenbein, grashoppe, tissemaur og sommarfugl. Me er delt i gruppene store delar av dagen. Alle gruppene har ei samarbeidsgruppe som ein ved ulike høve samarbeida saman med. Dette gjer at barna blir kjend med personalet på tvers av gruppene. 

Litt om dagane våre

Me har felles opning på storavdeling når barnehagen opnar kl. 6.30. Me er i saman oppe til kl. 7.30, då deler me oss i gruppene våre. Dei to yngste gruppene held då til nede i første etasje. Me er delt i grupper store delar av dagen, alle gruppene har ei samarbeidsgruppe som dannar eit team. Det at me samabeidar gjer at barna blir kjend med personalet på tvers av si gruppe. I gruppetida har me fokus på språk, leik, og det å ha eit inkluderande, og trygt barnehagemiljø.

 

Barnehagen ligg flott til med skogen som nabo. Me har vår eigen leirplass, og me har museet, (Sunnhordlandstunet) i gangavstand frå barnehagen. Barnehagen har gode turmoglegheitar i både natur, og i bybilete. Me lika turar i nærmiljøet vårt, og me brukar beina våre mykje. Barnehagen har eigen barnehagebil som blir nytta kvar dag, -der dei eldste gruppene har bilen på faste dagar. Av sikkerheit er det barna som har fylt fire år som får tilbod om å vera med. 

 

Barnehagen har dei siste åra fått ny fasade. Me har eit veksthus der me kan leike, byggje, og plante planter. Me fekk hausten 2021 eit nytt klatrestativ som er svært populært blant dei yngste, då dei her meistre utfordringa med klatring sjølv. Og me har vinteren 2023 fått på plass eit stort nytt klatrestativet som er berekna på dei store barna. Skogen, og den store fotballbanen nyttar me mykje til leik og utforsking. Fotballbanen brukar me like fult heile året. Om vinteren då snøen kjem er det populært å lage snøballar større enn oss sjølv, og om vår og sommar spelar me fotball, leikar, leitar etter blåbær, og spring full fart omkring.

 

Me er heldige så har ei i personalgruppa som har gard, det gir oss unike moglegheita til å komma tett på gardslivet. Om vinteren får barna aka i dei kjekke bakkane, og når våren er her får barna sjå, lukte og klemme på nyfødde lam.

 

                     
          

 

 

Lunsjmeny

I Ås barnehage har me eigen kokk som førebur god og næringsrik mat til oss i kvardagen. Kokken er ikkje ein del av grunnbemanninga, men kjem på toppen av både pedagognorm og bemanningsnorm. Me ser at arbeidet på kjøkkenet tar mykje tid, og dette er tid me ønskjer at personalet skal bruke saman med barna.

 

Barnehagen har eige drivhus, veksthuset og ein eigen grønsakshage. Her håpar me at det kjem mykje godt etter kvart som me plantar. Det er planta både bær og frukt på utsida, og inne har me gode høve til å plante grønsake. I dette arbeidet deltek barna: 

«Gjennom arbeid med kropp, rørsle mat og helse skal barnehagen bidra til at barna får innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid». (Rammeplanen for barnehagen side 50.)

 

 

Barna får fire varmemåltider i løpet av veka, og middag serverar me kvar onsdag. Varmmåltida våre er suppe, graut og den svært så populære retten vår osteskjeva. 

 

Middagsmenyen vår er rullerande og strekkjer seg over 2 månader.

 

Bursdagar markerar me på gruppa til barnet med flagg, song og smoothie. 

 

 

                        

                 Har dyrka eigne poteter.                      Laga lunaj frå Nepal.                       Fiskegraten med grønsaker

 

 

Menyplanen for perioden er:

 

# Lapskaus med sesongengs grønsaker servert med nybakt brød.

# Fiskekaker serverst med makaronistuing og dampa grønsaker.

# Kyllinggryta m kokos og brokkoli servert med ris.

# Fiskegrateng servert med råkost og urtedressing.

 

# Kyllingkjøttboller med heimalaga tomatsaus, pasta og grønnsaker.

# Fiskebollar i kvitsaus servert med kokte potet og gulerøtter.

# Skinkegrateng servert med salat og urtedressing.

# Plukkfisk servert med dampa grønsaker. 

 

 

 

            

                        Sukkererter frå eigen hage.                 Tomater frå eigen hage.                              Lapskaus. 

 

Vår visjon,- verdiar og mål

Me har utarbeida ein eigen visjon for kva me vil barna skal ha med seg av erfaring når dei går vidare over i skulen. Me arbeidar jamt med våre mål, og våre overordna verdiar for at me skal gje barna dei beste skussmål for eiga framtid.

 

For å vera i utvikling, og for å oppretthalde eit kritisk blikk på eiga praksis utabeidar me kvart år eigne vurderingsområder i samabeid med foreldra som me evaluerar på slutten av barnehageåret. 

  

Vår visjon: 

 

Barna forlet barnehagen godt rusta for framtida.

  

Våre overordna verdiar

  • Respekt og omsorg for andre.
  • Lyst til å læra.
  • Tru på seg sjølv.
  • Sosial kompetanse.

 

Våre mål er:

  • Barn har medverknad på eigen kvardag.
  • Felles fokusområde for heile barnehagen.
  • Tid og rom for leik.
  • Leikekloke vaksne.

 

Vurderingsområdet 2023 er utarbeida etter tilbakemeldingar på foreldremøte:

 

  • Me brukar ASK (alternativ, og supplerande kommunikasjon) til støtte i leik og samtale der me ser behov og nytte.
  • Me tar vare på kvardagssamtalen.

Trygt og godt barnehagemiljø

                          

 

Alle barn har rett på eit trygt og godt barnehagemiljø utan krenkingar og mobbing. Barnehagen skal sørga for at alle barn har det trygt og godt. Om eit barn ikkje har det trygt og godt skal personalet melde frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak. Det er innført skjerpa aktivitetsplikt dersom det er ein som arbeidar i barnehagen som krenka eit barn. (lovdata.no)

 

I Ås barnehage arbeidar me kontinuerleg med å kartleggja vårt barnehagemiljø, og kvar gruppa har fokus på det heile tida. Personalet arbeidar med relasjonsskjema til Kari Pape slik at personalet skal sikra seg at alle barn har sin trygge vaksne. Om det blir synleg for oss, eller om foreldre melde bekymring for barnehagemiljøet, følgje me tiltaksplanen vår for handtering av barnehagemiljøet. Då har me ein satt tiltaksplan me arbeidar utfrå.