



Tissemaurane
På Tissemaurgruppa går dei nest eldste barna i barnehagen. I år består gruppa av 16 kjekke barn. 13 av dei er født i 2021 og 3 av dei er født tidleg i 2022. I starten av nytt barnehageår brukar me tid på å bli godt kjend med kvarandre. Nokon er nye i barnehagen men dei fleste har gått her i mange år. Alle skal kjenna tilhøyrsle og vera innkludert i fellesskapet.
Me er heldige og har to kjekke rom som me disponerer. Eit rom er innreda for rolleleik med kjøkkenkrok, dokker, servise, utkldningsklede etc. I det andre rommet er det meir lagt til rette for konstruksjonsleik med lego, magnetar, togbane, magisk sand etc. Materiale til formingsaktiviteter og bøker har me i begge rom.
Me startar dagen på gruppa med samlingstund når alle er på plass, så er det tid for dagens planar. Når me er inne likar me godt å dele oss opp i faste små grupper. Me har ein fast felles turdag for alle på gruppa og i tillegg har me bussen ein dag utanom, då får små grupper rullere på å reise på ulike utflukter i nærmiljøet. Tissemaurane likar seg godt ute, både på tur og i barnehagen sitt uteområde.
Dette barnehageåret kjem me til å fokusere på Astrid Lindgren og dei spanande bøkene og ulike karakterane i dei! Me har starta litt med å lære om Astrid Lindgren og kva ein forfattar er. Dei fleste barna var godt kjende med Pippi og Emil. Nokon hadde også høyrt om Lotta frå bråkmakargata, Marikken og Karlsson på taket. Dette vert kjekt!
Me ser fram til eit innhaldsrikt år saman med desse kjekke barna!



Anette Hansen Bjerkeset
Pedagogisk leiar

Hilde Nysæter
Barne- og ungdomsarbeidar

Mia Grov
Pedagogisk medarbeidar