Søk om plass!

Grashoppene

Grashoppene er ein gjeng på 17 barn i alderen 2 til 3 år fødd 2023 og 2024. Det er ein kjekk gjeng som er travelt opptatt av noko heile dagen, både ute og inne. Starten av dagen har me gjerne samling der me syng, fortel om dagen, les eller fortel historier. Barna har òg moglegheit til å koma med innspel.

 

I denne alderen er det ein del barn som byrja med rolleleik og dei leikar kjekt med dokker. Dokkene for ofte vera med til kjøkkenkroken der det blir servert mykje god mat og drikke.   Aktivitetar med bil og togbane er og populært saman med rolleleiken. Rundt bordet sitt me og teiknar eller finn fram puslespel. Inni mellom tar me fram leikedeigen. Deigen er mjuk og lett og forme og her får dei brukt kreativiteten sin.

 

Tysdag har me turdag. Då bruka me det fine nærmiljøet vårt  rundt barnehagen. Me har ein kjekk leirplass borti skogen med mange spanande stiar rundt. Me kan gå til kyrkjeberget og mata ende og me kan gå stien med Frugårdselva. Så har me museumsparken i nærleiken og moglegheit til å få koma å sjå i husa på museet (Sunnhordaland museum).

Gjennom tur, leik og smågrupper vil me jobbe mot ein trygg, utviklande, engasjerande kvardag der me kan knyte nye vennskapsband og få kjekke og fine opplevingar saman med andre. Rammeplanen seier: «Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg samhandling. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre» Rammeplanen s.20.

 

Me ser skikkeleg fram til eit kjekt barnehageår saman med desse kjekke graskoppene!

 

Kva er goy

Dette er kjekt: 

- Vera ute

- Tur i nærområdet 

- Lek med dokker, bilar og togbane 

- Bordaktiviteter som å forme leikedeig, tegne og perle 

Linda Amundsen Rogne

Pedagogisk leiar

Kine Dommersnes

Pedagogisk leiar

Jillian Moores

Barne- og ungdomsarbeidar