Søk om plass!

Sommarfugl

Sommarfuglgruppa er dei eldste barna i barnehagen.I år består gruppa av 20 barn – 9 gutar og 11 jenter. Alle barna er født i 2020 og skal begynne på skulen hausten 2026. Grupperommet er oppe på hemsen og eit grupperom nede ved kantina i fyrste etasje. 

 

Sommarfuglane er ein nysgjerrig og eventyrlysten gjeng som elskar å utforske verda rundt seg. Barna er glade for å koma til barnehagen, og dei set stor pris på å leika med venene sine. Me har stort fokus på fellesskapet i gruppa vår, der alle får kjenne på samhald og at dei har ein viktig plass i gruppa. Gjennom året vil barna ikkje berre knyte sterkare band med kvarandre, men også lære viktige ferdigheiter som vil gjere dei klare til skulestart. Sjølvstendigheit, evna til å halde fokus, ta imot og utføre beskjedar, og det å kle seg etter været er blant dei ferdigheitene som vil bli vektlagt i kvardagen.

 

Kvar dag kjem det spørsmål om me skal på tur i dag. Denne gjengen likar seg svært godt på tur og ute i naturen. Me har fast turdag i nærområdet på tordagar. Då likar me å gå til Kattatveit, Ådland, leirplassen eller utforskke kjekke lekeplassar i nærheten. Me har òg vår eigen barnehagebuss som me brukar to gonger i veka til å besøke nye stadar på Stord-øya. 

På turane våre likar me å klatre, balansere, og bruke kroppen aktivt i leik. Rolleleik i naturen er ein stor favoritt hos barna. Me er så heldige som har skogen rett utfor barnehagen vår, og her likar barna seg særs godt. Skogen gir oss uendelege moglegheiter for spanande aktivitetar og opplevingar. I tillegg er det stor glede i å plukke bær når sesongen er inne, og ikkje minst i å utforske skogens mange skjulte skattar. 

Ute i barnehagen kosar me oss med klatring, sykling, å lage butikk, leik i sandkassa, og leik med vatn.

 

I nærleiken av barnehagen har me ein flott leirplass inne i skogen. Her kan barna utfordre grovmotorikken ved å gå og springe i ulendt terreng, klatre i trer og på "fjellknaust", og hoppe og rulle. Me samlar oss ofte på benkane for å høyre eventyr og synge saman – noko barna set stor pris på. Om været tillèt det, fyrer me opp bål og lagar litt mat saman.

 

Inne i barnehagen er det mykje spanande rolleleik i kjøkkenet og dukkekroken, leik med lego, bilar, teikning, plastelina, spel og puslespel. Gjennom året skal me også lære oss nye songar, rim og reglar, og lese mange kjekke bøker. Me har mange innhaldsrike og nokre alvorlege tema som me skal ta for oss i løpet av året. No i haust skal me først arbeide med FORUT-prosjektet, noko me alle gledar oss til.

 

Me gelder oss til eit kjekt og innhaldsrikt siste år samman med denne kjekke sommarfugl gjengen. 

 

Dei vaksne på Sommarfuglgruppa er Marius, Sara og Anne Bente. 

 

 

Kva er goy

Sommarfuglane liker ekstra godt:

 

*Gå på tur

*Klatra 

*Leika med lego og bilar 

*Lese bøker

*Teikna, klypp og lim

 

Sara Kyvik

Pedagogisk leiar

Marius Nitter

Pedagogisk leiar

Anne Bente Østraat

Fagarbeidar