Tusenbein
Det skjer mykje spennande med barna i denne alderen 2-3 år, og utviklinga går fort. Språket kjem meir og meir, og barna blir stadig flinkare til å setje ord på ting, og fortelja kva dei vil og kva dei tenkjer. Dei vil òg gjerne klara ting sjølve, og me ser mykje meistring og «eg kan sjølv» i løpet av dagen.
Leiken har òg utvikla seg mykje. Barna leikar meir saman no, og me ser starten på mykje fin rolleleik. I løpet av ein dag er me innom det meste – alt frå roleg leik, puslespel og bøker til full fart med springing, dansing og boltreleik.
På Tusenbein-gruppa er me i år 12 barn, 7 gutar og 5 jenter. Dette er ein gjeng som er veldig glad i å vera ute. Her får me springa, hoppa, balansera og leika i sanden. Barna likar godt å utfordra seg sjølve, og me finn dei blant anna i klatrestativet, på toppen av berga eller på oppdagingsferd rundt på uteområdet.
Men det er kjekt å vera inne òg. Her går det mykje i bilar, togbanen, puslespel, dokker og leik i kjøkkenkroken. Barna er òg glade i bøker, song og musikk. Innimellom passar det godt å roa litt ned med ei bok, songkort, bevegelsessongar eller ei av eventyrkassane våre.
No i starten går me mest på tur i nærområdet. Me øver på å gå saman og halda ei hand når me går langs vegen. Når me kjem fram, får barna utforska litt meir på eiga hand, med ein vaksen i nærleiken. Me går blant anna til leirplassen vår i skogen og Museumsparken. Etter kvart som me blir meir vane med å gå på tur saman, kan me ta litt lengre turar. Me er heldige som har mange fine turområde rundt Ås barnehage. Her får barna utforska naturen, leika med det me finn og øva seg på å gå og klatra i ulendt terreng.
Me gler oss til eit kjekt år saman med denne fine Tusenbein-gjengen!
Christine Frank de Jongh
Pedagogisk leiar
Marius Nitter
Pedagogisk leiar
Nazia Ibrahim
Pedagogisk medarbeidar
Karoline Lorentsen
Pedagogisk medarbeidar