Å vera liten hos oss

                                                           

                    

 

Me har seks aldershomogene grupper;

1. etasje er det Marihøne og Humle.

2. etasje er det Tusenbein, Grashoppe, Tissemaur og Sommarfugl.

 

Me er delt i gruppene våre store delar av dagen, og alle gruppene har ei samarbeidsgruppe som ein ved ulike høve samarbeida saman med på team. Dette gjer at barna blir kjend med personalet på tvers av si gruppe. Me samarbeidar på morgon og ettermiddag, slik at barna blir kjend med personalet når me i saman i denne tida.  

 

Bygget vårt er utforma slik at dei yngste har leike -og grupperom nede i 1. etasje. Dette gir gode høve til å gi ro, omsorg og tryggleik, og til å ha skjerma småbarnsgruppe både inne og ute. Me har fokus på ei trygg tilvenningstid der me skal bli godt kjent med kvarandre, og me ønskjer at de som foreldre deltar så mykje som mogleg i denne tilvenningstida.

 

Ås barnehage er eigd av Opero Holding. Opero er ei arbeids- og inkluderingsbedrift som hjelper personar som har stått utanfor arbeidslivet tilbake i ordinært arbeid. Opero har fleire avdelingar, -det er mekanisk, og Kontor -og IKT som held til på Heiane. Og catering- og kantineavdelinga som held til i SKL-bygget på Leirvik. Det vil sei at me i periodar kan ha personalet i arbeidstrening her i barnehagen. 

 

I Ås barnehagen har me ei fast ordinær grunnbemanning med pedagogar, fagarbeidarar, og pedagogiske medarbeidarar. Me har eigen kokk som er utanom den ordinære grunnbemanninga. Jobbsøkarane som er hos oss kjem i tillegg til dei vaksne som er på gruppa.