Litt om dagane våre

Me har felles opning på storavdeling når barnehagen opnar kl.6.30. Me er i saman oppe til kl.7.30, då deler me oss i gruppene våre. Dei to yngste gruppene held då til nede i 1. etasje. Me er delt i gruppene våre store delar av dagen, alle gruppene har ei samarbeidsgruppe som dannar eit team. Det at me samabeidar gjer at barna blir kjend med personalet på tvers av si gruppe. I gruppetida har me fokus på språk, leik, og det å ha eit inkluderande, og trygt barnehagemiljø.

 

Barnehagen vår ligg flott til med skogen som nabo. Me har vår eigen leirplass, og me har museet, Sunnhordlandstunet i gangavstand frå barnehagen. Me har gode turmoglegheitar i både natur, og i bybilete. Me lika turar i nærmiljøet vårt godt, og me brukar beina våre mykje. Barnehagen har eigen barnehagebil som blir nytta kvar dag, -der er det dei eldste gruppene som har bilen på faste dagar. Av sikkerheit er det barna som har fylt fire år som får tilbod om å vera med. 

 

Barnehagen har dei siste åra fått ny fasade. Me har eit veksthus der me kan leike, byggje, og plante frø og planter. Me fekk hausten 2021 eit nytt klatrestativ som er tileigna og populært blant dei yngste, då dei her meistre utfordringa med klatringa sjølv. Vinteren 2023 fekk me på plass eit stort nytt klatrestativet som er berekna på dei store barna våre. Skogen, og den store fotballbanen nyttar me mykje til leik og utforsking. Fotballbanen brukar me like fult heile året. Om vinteren då snøen kjem er det populært å lage snøballar større enn oss sjølve, og om vår og sommar spelar me fotball, leikar, leitar etter blåbær. Me brukar også fotballbanen til å springe i vatnspreiaren,- på sommardagane når me treng å kjøle oss ned.

 

Me er heldige så har ei i personalgruppa som har gard, -det gir oss unike moglegheita til å komma tett på gardslivet. Om vinteren får barna aka i dei kjekke bakkane, og om våren får barna sjå, lukte og klemme på nyfødde lam.