Ås barnehage ligg sentralt i utkanten av Leirvik sentrum. Rundt oss er det stor utvikling av næringsbygg og bustadfelt, og me ser fram til eit flott nærmiljøanlegg som næraste nabo. Kunstgrasbane og ballbinge blir kjekt å boltra seg i. Ellers ligg me i gangavstand til skogen og leirplassen vår, til stranda, til Ådlandsvatnet og til sentrum. Ikkje langt unna oss ligg Sunnhordland museum. Dei har me eit nært samarbeid med, kor me låner husa og området når me ynskjer det.
For tida har me 75 barn i barnehagen, fordelt på seks grupper. Dei to yngste gruppene (opptil ca 2år) held til i eiga avdeling nede i barnehagen. Dei er delt i små grupper i lokale tilpassa aldersgruppa, og har gode vaksne som skal passe på tryggleik og utvikling for desse yngste borna.
Dei andre gruppene har eigne baserom, men samstundes har dei fleire felles temarom. Uteområdet vårt er felles for alle borna. Det er under opparbeiding og her skjer stadig endringar. Me er komt godt i gang og gler oss til alt står klart.
Satsingsområdet vårt er å gjera oss kjende med nærmiljøet vårt før og no, gjennom samarbeid med Sunnhordland museum.
Vår visjon er at borna forlet barnehagen godt rusta for framtida med:
- Lyst til å læra
- Tru på seg sjølv
- Respekt og omsorg for andre
Vårt hovudmål er:
- Barn har medverknad på eigen kvardag
- Felles fokusområde for heile barnehagen
- Me er medvitne likestilling i det pedagogiske arbeidet
- Vaksne som engasjerer barna til ein aktiv kvardag
Meir informasjon om korleis me arbeider finn de under lenka årsplan.
Opningstida vår er 06.45 - 16.15 |